Omtrent kvar femte nordmann er ramma av tørre auger. Typiske symptom er såre, tørre og irriterte auger, tåreflod, lysskyhet og følelsen av å ha noko på auga. Dette skuldast nedsett tåreproduksjon, auka fordamping av tårene eller ein kombinasjon av desse. Tårefilmen består av ulike deler. Ytst ligg ei hinne som i hovudsak består av feitt som vert utskilt frå talgkjertlane i augeloka. Denne hindrar det underliggande vatn-laget, utskilt i frå tårekjertelen, i å fordampe. Det inste laget består av slim frå bindehinna. Viss det oppstår ubalanse i eit eller fleire av desse stoffa, vil du kunne utvikle tørre auger.
Nokon av risikofaktorane for å utvikle tørre auger er høg alder, kjønn (kvinner), bruk av vanlege medisinar mot allergi og høgt blodtrykk, og lågt inntak av omega-3-feittsyrer.
Tørre auger er i mange tilfelle ein kronisk tilstand, men fylgjande kan bidra til å lindre plagene; avklar med fastlegen om ein brukar medisinar som kan gje tørre auger, ta omega-3-tilskudd, drikk nok vatn, auka luftfuktigheten heime og bruk solbriller når du er ute. På arbeidsplassen bør skjermen og stolen justerast slik at ein ser ned på skjermen for at augeopninga skal bli mindre og tårefilmen på den måten fordampar saktare. Dette fordi at når me ser på TV- og dataskjermar så blunkar me sjeldnare, noko som gjer at tårefilmen fordampar raskare og overflata på auga vert tørr.
Kunstig tårevæske vil også kunne lindre symptom og avhjelpe problem med tørre auger. Det fins mange ulike produkt på marknaden, og kva som er det rette for akkurat deg kjem an på problemstillinga di. Noko av det som skil kunstig tårevæske frå kvarandre er nivået av feittstoff og om det inneheld konserveringsmiddel eller ikkje.
Me utfører undersøking av tørre auger (450,-) for å avklare kvar i tårefilmen eller augeoverflata som treng påverknad for å kome i balanse igjen. Denne undersøkinga startar med at me spør deg ei rekke spørsmål for å kartlegge utfordringar og mulige områder med forbetringspotensiale. Deretter går me i gang med sjølve testinga. Me testar tørre auger på sju ulike måtar, der alle vert graderte med ein talverdi, som igjen legg grunnlaget for å anbefale behandling. Behandling kan blant anna vera rådgjeving og modifisering av miljø og/eller diett, eliminering av medikament som gjev tørre auger (saman med fastlege), anbefale tilpassa kunstig tårevæske, salve, augeloksterapi med oppvarming og massasje av augeloka, sette pluggar i tårekanalen for å sikre at nivået av tårefilm og tilskot av kunstig tårevæske blir verande på augene. Ved behov tilviser med vidare til augelege.